-
サマリー
あらすじ・解説
Kva skjer med livet ditt når du treng støtte til å ta dei små og store avgjerdene i kvardagen? Når konsekvensen av alle dei små og store vala ikkje er like sjølvsagde? Og kvifor er det så viktig å få lov til å ta ansvar i sitt eige liv?
I andre og siste episode av Selvsagt Beslutningsstøtte spesial, får du møte Brita Brun Hennum og beslutningsstøtterådet hennar. I første episode snakka vi om det å bestemme sjølv og kva som skjer når ein treng hjelp til å ta alle dei små og store avgjerdene og vala i laupet av dagen, altså beslutningsstøtte. No skal du få lære korleis denne hjelpa kan fungere i eit beslutningsstøtteråd, Korleis veit ein kva val som er rett val for ein person som ikkje kommuniserer på den tradisjonelle måten, med verbalt språk, teiknspråk eller andre slike hjelpemiddel? Der vi i BPA, borgarstyrt personleg assistanse, har assistentar som utfører praktiske og andre oppgåver i kvardagen, har ein i beslutningsstøtterådet personar som kjenner ein godt og som kan hjelpe til å sørge for at vala som blir tatt i livet til Brita til dømes, er i tråd med det ho sjølv vil. Lytt og lær korleis det kan fungere!
Medverkande: May Nina Hansen Auby, Brita Brun Hennum og assistent, Helga Brun og Mone Celin Skrede
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.